Søk i våre sider:




Startside Om selskapet Våre tenester Referanser Filer til nedlasting Kontakt oss







 
 
Forsiden > Våre tenester

Våre tenester

Etablererrådgiving
Selskapet tilbyr hjelp og rådgiving i hele etableringsprosessen, frå du har ein idé til du er klar til å starte opp den nye verksemda. Anne-Lise Roald har eiga erfaring som gründer, og har arbeidd som rådgivar for ei rekkje andre. Ho er óg godkjend som etablererrådgivar for mottakarar av etablererstipend frå Innovasjon Norge. Bistand til utvikling av forretningsplan, søknader om finansiering, kontakt med andre støttespelarar og generell rådgiving.

Gründergrupper
Gründergrupper blir til ved at 5-7 etablerarar går saman og danner eit nettverk. Innovasjon Norge tilbyr slike grupper eitt års profesjonell coaching.  Anne-Lise Roald er godkjend som prosessveileder for Gründergrupper i Møre og Romsdal. Du kan også ta direkte kontakt med henne for å få hjelp til å finne andre gründarar å starte ei slik gruppe saman med. Tenesta møter det behovet gründarar har for møteplassar, nettverk, rettleiing og rådgiving. Gründergrupper er spesielt eit tilbod for kvinner og menn som har starta, eller er i startfasen av si bedriftsetablering og som har det lokale markedet som sitt hovudmarked.   Tilbudet heitte tidlegare "Nettverkskreditt".  Gründergrupper - Innovasjon Norge

SkatteFUNN
Går du glipp av inntil 2,2 mill kr i året?

SkatteFUNN er ei ordning frå Norges Forskningsråd som gir opp til 20 % i skattefrådrag for kostnader knytta til målretta arbeid med å framskaffe ny kunnskap, informasjon eller erfaring som igjen kan føre til nye eller betre produkt, tenester eller produksjonsmåtar. SkatteFUNN ei rettighetsbasert skattefrådragsordning utan budsjettbegrensing, og gjeld for alle bransjar og kommunar. Anne-Lise Roald har vore superbrukar for ordninga i Innovasjon Norge Møre og Romsdal, og kan gjerne hjelpe di verksemd for å finne ut om de har relevante prosjekt, samt bistå i søknadsprosessen. 

Det som skil hennar tenester ut frå fleire andre tilbydarar, er at ho legg vekt på at verksemda sjølv skal ta del i utforminga av søknaden, og ha henne meir som ein rettleiar i prosessen. Viktige punkt er mellom anna å gi ei ærleg vurdering av prosjektet, og om det kan vere verd å søke SkatteFUNN på. Deretter kan ho bistå med råd om korleis søknaden bør utformast, og kva som bør leggast vekt på av sentrale moment i prosjektet. Ho vil også hjelpe med tekst, utfylling av skjema på internett, eller den type bistand som du måtte trenge i søknadsprosessen. Ho tilbyr også kartleggingssamtalar, der ein ved ein gjennomgang av verksemda kan sjå på ulike prosjekt som er under planlegging, og korleis ein kan søkje finansiering på desse enten med SkatteFUNN eller andre ordningar.

Ta gjerne kontakt dersom du vil ha referansekundar.

Les meir om ordninga: www.skattefunn.no

FRAM
Anne-Lise Roald er godkjend som rådgiver i Innovasjon Norget sitt kompetanseprogram FRAM-K og FRAM-E. Desse kompetanseprogramma er bygd opp for å gi kulturverksemder, samt etablerarar ei oppfølging og kompetanseheving over 18 månader, med 5-6 faglege samlingar og ei rekkje rådgivingstimar mellom samlingane. Sjå også www.innovasjonnorge.no/fram

Forretningsutvikling
Arbeid med å setje seg mål for verksemda, finne ut korleis ein skal nå dei, og måle framdrifta er viktig arbeid for å styre ei verksemd. Selskapet kan vere sparringpartnar i denne prosessen, og vere med på alt frå prosjektskisse, finne moglegheiter for finansiering, og bistå i gjennomføringa av planane. Slike planar kan vere spesielt viktige for arbeid med nye produkt, nye marknader eller i vekstfasar i verksemda.

Styrearbeid
Anne-Lise Roald er aktiv som styreleiar og styremedlem i ulike bedrifter, lag og organisasjonar. I tillegg til praksis frå området, har ho også formell kompetanse på Mastergradnivå innan styrearbeid, kommunikasjon og ledelse.


Ta gjerne kontakt for meir informasjon og ein uforpliktande samtale.

Kontakt: post(a)aroald.no - tlf: 97705654 - Synnes, 6040 Vigra


Share